Ny norsk Bibel full av feil

Den reine Jomfrua er borte frå Profetordet. Også den syndige natur er borte, og blitt til «kjøtt og blod». «Kjødet» er erstatta av «kjøtt».  

Denne Bibel-oversetjinga vil gjere mange meir forvirra en det som godt er.

Norske Bibelutgåver er ikkje som andre.

Rett nok er ikkje det norske språk så rikt på ord som det engelske. Men det er råd å få det meste inn i rett samanheng også på norsk.  King James har sine svake sider.  Men i all hovudsak er orda rett omset frå grunnteksten.  I mange norske Biblar står det litt av kvart som er direkte mistydingar.

Det engelske ordet «flesh» betyr ikkje det same som «meat». Men i den siste Bibelutgåva til Bibelselskapet, er «flesh» mange stadar blitt til «meat», eller «kjøtt». Ordene er også bytta om, slik at det mange stadar blir komisk.

Her er eit døme:

1.Mosebok 1:21. 

21 Da lot Herren Gud en dyp søvn komme over mannen. Mens han sov, tok han et ribbein og fylte igjen med kjøtt.

Ordet «flest» er nytta i King James utgåva. Dei aller fleste av oss forstår dette engelske ordet til å vœre «kropp». I det minste «kjøtt og blod».  «Kjøtt» er noko heilt anna enn «kropp». «Kjøtt» finn du på Kjøttbasarane.

Når vi snakkar om horer som er ute på «Kjøttbasaren», forstår vi at dei er ute og tilbyr kroppane sine. Dei pirrer vår syndige natur, og dei kroppslege lystene våre. Om du ikkje er styrt av ånd, så fell du i synd.

I andre Korinterbrev 12:7 er ordet «flesh» korrekt oversatt til kropp:

  7 For at jeg ikke skal bli hovmodig på grunn av de høye åpenbaringene, har jeg fått en torn i kroppen, en Satans engel som skal slå meg – for at jeg ikke skal bli hovmodig.

Det ville vœre feil å tolke «flesh» til å gjelde ein muskel, eller eit stykke «kjøtt». 

Romerbrevet 7:18 er «sinful nature» oversatt til «kjøtt og blod». Men her ville det vore meir naturleg å halde fast ved ei direkte omsetjing: «Syndige natur». Det er farleg å ta bort eit korrekt omgrep, og erstatte det med eit fysisk parameter. Synd har med åndsmakter å gjere. Syndefordervinga vart brått borte frå det norske Bibelspråket.

 18 For jeg vet at i meg, det vil si i mitt kjøtt og blod, bor det ikke noe godt. Viljen har jeg, men å fullføre det gode makter jeg ikke.

I Romerbrevet 13:14 er ordet «flesh» påny oversatt korrekt til «kroppen». 

  14 Men kle dere i Herren Jesus Kristus, og vær ikke så opptatt av kroppen at det vekker begjær.

I Galaterbrevet 5:17 er «flesh» påny  blitt til «meat». Men det er kroppens begjœr Paulus snakkar om. «Kjøtt» har ikkje noko begjœr, og ligg ikkje i strid med Den Heilage Ånd.

  17 For kjøttets begjær står imot Ånden, og Åndens begjær står imot kjøttet. Disse ligger i strid med hverandre, så dere ikke kan gjøre det dere vil.

At ordet Jomfru forsvann frå Jesaja 7:14, er eit norsk overgrep mot Gud sitt ord.  Jomfru Miriam vart ikkje vald av Gud fordi ho var ung, og slik oppfylde profetordet.

Miriam fann nåde fordi ho var jomfru, som ikkje hadde hatt sex. Slik oppfyller valet av Miriam profetordet. Det held ikkje å kome dragande med ei «ung jente». Få norske unge jenter vil halde seg borte frå sex før ekteskapet, når ikkje ein gong norske Bibeloversettarar fryktar Gud. 

Skriven av Ivar Fjeld

Advertisements

Stikkord:, , ,

Kategoriar: Uncategorized

9 kommentarar den “Ny norsk Bibel full av feil”

  1. Audun Hjellvik
    november 21, 2011 kl. 9:00 am #

    King James versjonen må vel vera toppen av omsetjingar. Ikkje berre språkgeni var i aksjon der, men i tillegg svært gudfryktige menneske med stor ærefrykt for Ordet! Gjekk ikkje til omsetjingsarbeid utan mykje bøn! Kjenner ikkje alle nyare variantar av KJ, men antek dei ligg i «same leia»…

  2. ivarfjeld
    november 21, 2011 kl. 1:27 pm #

    Hei Audun.

    Shalom.

    Eg har stor respekt for arbeidet til dei som omsette King James versjonen. Dei språklege endringaen som har funne stad sidan 1610 A.D eller der omkring, har på ein fin måte blitt forståeleg i vår tid sine opplag. Eg eg i tvil om noko som står i min NIV, så går eg og krysssjekker med King James. Har også ein Amplified Bible i nœrleiken. Den føreslår gode omgrep som passar til grunnteksten på Hebraisk.

  3. Audun Hjellvik
    november 22, 2011 kl. 9:46 am #

    Nye bibelomsetjingar synest alltid vera noko «oppskrytte». Salgstriks? Hugsa 78 utgåva til Bibelselskapet vart lansert som den beste av alle norske då den kom. Etter kort tid kom der ca 300 rettingar på den….

  4. Dennis Ottesen
    desember 9, 2011 kl. 9:20 am #

    Bibelen Guds Ord – oversettelsen anbefales. Den ligger nærmest KJV-Bibelen.

  5. ivarfjeld
    desember 9, 2011 kl. 9:29 am #

    Hei Dennis.

    Shalom.

    Takk for at du les denne bloggen. Takk også for kommentarane. Eg likar både NKJV og KJV. Har ogsa ein NIV. Bibeloversettingane til Bibelselskapet må takast med ei stor klype salt.

  6. Roald Evensen
    desember 10, 2011 kl. 12:33 pm #

    Shabbat Shalom!

    Takk for dristig og god nettside.
    For meg har og er King James Bibelen med stor B!
    Jeg betrakter Bibelselskapet sin nye satsing som fullstendig overflødig.
    Brødet er fremdeles ferskt i Nye King James!

    Hilsen

    Roald Evensen-Forkynner i ImF

  7. ivarfjeld
    desember 10, 2011 kl. 4:35 pm #

    Hei Roald.

    Sabbath Shalom, og takk for denne kommentaren.

    Eg veit at måten eg framstiller ei sak på kan verke provoserande. Dei som kjenner meg, veit eg likar å få opp temperaturen i ganske flate og døde debattar. Eg likar å føre samtaler med œrlege og reflekterte mennesker. Gjerne med folk som er heilt usamde med underteikna. Folk som vil sitje heime og sjå på TV, får heller gjere det.

    Vi kjempar mot likesœle og apati, som ofte sit sjølv i veggane i kristne forsamlingar. Ein sun og frisk debatt tar ingen skade av.

  8. ivarfjeld
    desember 10, 2011 kl. 4:50 pm #

    Hei Roald.

    Sabbath Shalom.

    Det er ingen grunn for å endre språket, og tilpasse Gud sitt Ord til dei som berre gidder å kommunisere via SMS-kodar. Språket i Bibelen er fargerikt, og innheld ein skatt for den som tok seg bryet å lœre å lese. For den som av ulike grunnar ikkje kan lese, finnes det ordrette lyd-Biblar

    Å tilpasse Bibelen sine ord og formuleringar med gatespråk og tome fraser, er og blir makkverk.

    Det er berre gjort heilt minmale endringar i King James versjonen sidan den kom i ca. 1610 A.D. Det er imponerande. Vi som likar å lese i grunnteksten, får frysningar på ryggen over «metodebruk» og voteringar i Bibelselskapet.

    Vi har Jødane å takke for at vi har ein Jødisk Bibel som er 98 prosent lik dei første Torah-rullane som vart skrivne ned for ca. 3.000 år sidan. Å endre på skriftene var ei dødsynd i det Jødiske samfunnet. I Bibelselskapet er «rettingar» og «endringar» blitt gjort til ein vitenskap.

  9. Holly
    juni 19, 2014 kl. 11:18 am #

    Hello. Is the King James Version in Norwegian readily available? Do you know of an online source where I can get one? Your blog is very interesting. I completely agree that we should support Israel, Gods people! (I will bless him that blesseth thee, and curse him that curseth thee.)
    Thank you!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: