Arkiv | Banjarafolket, Baga RSS feed for this archive

Tala på INRI på Rong i Øygarden

Her er ein tale frå INRI-felleskapet i Øygarden. Talen handlar om arbeidet i Goa.

Fullstendig lovløyse i Goa ei utfordring

Ein minister og ni hjelm-lause medlemer av delstatsforsamlinga køyrde tunge motorsykklar opp til «løvebakken».   Og det mest spektakulære var meldinga frå ein av dei til journalistar og politimenn: «Bøtlegg oss, om de tør». Når dei som lagar lover framstår som stolte lovbrytarar, så er galskapen blitt fulkomen her i Goa.  Lovløysa spreier seg no […]

Sigøynarane blir forfulgt av styresmaktene i Goa

Politiet i Goa driv rein klappjakt på sigøynarar i strid med menneskerettane. Denne artikkelen stod i onsdagens Goa Herald, som er ei av dei fire engelskspråklege dagsavisene i delstaten. Bytt ut ordet «hawker» med sigøynar, og du får det korrekte bilete av kven styresmaktene «jaktar» på. Også misjonsteamet til Living Water Church (LWC) opplever at […]

Sigøynarane deler trua si med politiet

Politiet slår sigøynarane, og stjel tinga deira. Jesus-vitnene svarer med å dele evengeliet med overgriparane. Det er utrulege vitnesbyrd som no kjem frå dei frelste ungdomane på Bibel-skulen i strandrestauranten til Antonio på Baga. Politiet har i fleire år oppført seg brutalt mot sigøynarane som sel på stranda. Denne vinteren har brutaliteten nådd nye høgder, […]

Hyrden Solomon overset Bibelen til Banjara-språket

40 millionar sigøynarar i Sør-India vil snart ha ein versjon av Bibelen på sitt eige språk. Forsamlinga Klippen i Loddefjord ved Bergen gav denne hausten ei pengegåve til hyrden Solomon, som er forstandar for 400 pastorar i The Indian Gypsy Works Fellowship Trust. Denne misjonsrørsla har hovudsete i den Indiske byen Bangalore. Gåva var mynta […]